Folgefonn Sommarskisenter ligg på nordsida av Folgefonna ca. 1200 m.o.h. Her er alt tilrettelagt for opplevingsrike dagar med skitilbod for alle. Fonna har eit av Noregs lengste breskitrekk med 1100 m, og ein høgdeforskjell på 250 m. Det er asfaltert bilveg heilt fram med god parkeringsplass. Utleige av ski, snowboard og kjelkar. Inntil dei velpreparerte løypene ligg det ein brekafe. Området er tilrettelagt for snøbrett, og terrenget høver fint for turskigåing (preparering av langrennstrasèar etter bestilling). Det går skibussar frå Jondal i perioden 21.06.-15.08. Rutetabell finn du her: http://www.skyss.no/Global/Bussruter/Hardanger_Voss%2001052010/982_Jondal_Folgefonna.pdf
Folgefonn Sommarskisenter ligg 19 km frå Jondal sentrum. Med bil tek det 1 time frå Øystese og Norheimsund, 2 timar frå Odda, 2,5 timar frå Voss og Bergen, 4 timar frå Haugesund og 7 timar frå Kristiansand og Oslo.
Me ynskjer alle velkomen til ein ny flott sesong i 2012.